Retningslinjer for pensumlistekonsortiet

Samarbeidet i konsortiet er basert på at alle partar yter til fellesskapen. Tenester som blir utvikla i konsortiet vil vere eit sameige for dei institusjonane som deltek.

Konsortiet består av konsortiedeltakere og konsortieadministrator. 

  • Konsortiestyret tek avgjerder knytt til prioriteringar, økonomi og forvaltning av tenester som inngår i samarbeidet. Konsortiet vil disponere over dei tenestene som blir utvikla.
  • Konsortieadministrator skal levere tenester til konsortiet, vere sekretariat for konsortiet og representere konsortiet overfor eksterne partar.

Leveranse

Det skal etablerast ein plan for budsjettåret for tenesteleveransen som alle partar forpliktar seg til overfor konsortiet, og som blir behandla av konsortiemøtet.

Styring

Konsortiet er underlagt overordna strategisk styring og inngår i styringsmodellen for universitets- og høgskule sektoren. Konsortiet skal yte tenestestyring for fellesløysingar og er organisert med følgjande styringsmodell.

Konsortiemøtet

Konsortiemøtet er det øvste organet i konsortiet. Konsortiemøtet skal:

  • utnemne konsortiestyret for to år av gongen.
  • vedta budsjett og godkjenne leveranseplan for kommande år.
  • haldast i oktober månad.

Kvar konsortiedeltaker kan delta med 1 representant. 

Konsortiemøtet blir leidd av konsortiestyrets administrator. For eit konstituerande møte vel konsortiemøtet sjølv ein møteleiar etter forslag frå konsortieadministrator. Konsortieadministrator er sekretariat for møtet og har tale- og forslagsrett. 

Røysteretten til konsortiedeltakernes på konsortiemøtet er gradert på følgjande måte etter brukarbetaling:

  • Brukerbetaling mindre enn 1 % av budsjett - 1 stemme
  • Brukerbetaling 1,0–2,9 % - 2 stemmer
  • Brukerbetaling 3,0–5,9 % - 3 stemmer
  • Brukerbetaling 6,0–9,9 % - 4 stemmer
  • Brukerbetaling 10 % eller mer - 5 stemmer

Vedtak treffest med simpelt fleirtal. Konsortieadministrator skal innan 2 veker før konsortiemøtet utarbeide ei oversikt over talet på stemmer kvar konsortiedeltaker har.

Konsortiestyret

Konsortiestyret representerer konsortiet og har på vegner av konsortiet ansvar for å følgje opp konsortieavtalen. Konsortiestyret skal behandle alle saker av vesentleg betydning for konsortiet og har avgjerdsstyresmakt innan godkjend leveranseplan.

Konsortiestyret skal leggje fram forslag til leveranseplan og budsjett for kommande år til konsortiemøtet. Ved utvikling av ny funksjonalitet har konsortiestyret eit særleg ansvar for å behandle kost/nytte vurderingar.

Dersom konsortieadministrator ikkje vil vere i stand til å levere i samsvar med prioriteringane i leveranseplanen, skal konsortiestyret informerast. Konsortiestyret og konsortieadministrator må då bli samde om kva tiltak som skal gjerast. 

Konsortiestyret skal ha 3–7 medlemmer og 1–2 varamedlemmer. Storleiken blir justert formålstenleg basert på storleiken på konsortiet. Konsortiestyret vel sjølv leiaren sin.

Sekretariatet

Konsortieadministrator peikar ut ein tilsett som blir tildelt sekretærrolla. Sekretæren rapporterer til konsortiestyret, førebur saker til konsortiestyremøter, deltek i konsortiestyrets møte med tale- og forslagsrett og er ansvarleg for å følgje opp konsortiestyrets vedtak.

Sekretæren har ansvaret for å organisere faglege arbeidsgrupper som blir oppretta innan konsortiet. Sekretæren, eller den vedkommande peikar ut, kan møte på arbeidsgruppa(e)s møter med tale- og forslagsrett.

Arbeidsgrupper

For å styrkje brukarmedverknaden skal det normalt utnemnast ei fagleg arbeidsgruppe. For konsortium med eit breitt arbeidsfelt kan det vere aktuelt med fleire arbeidsgrupper.

Arbeidsgrupper skal utnemnast av konsortiestyret og skal hjelpe konsortiestyret og konsortieadministrator med faglege råd om prioritering av funksjonar og løysingsval. 

Økonomi

Konsortiedeltakernes deltaking i konsortiestyret og arbeidsgrupper eller andre bidrag til fellesskapen blir ikkje kompensert økonomisk. Reisekostnader ved møte i konsortiestyret og arbeidsgrupper kan dekkjast over budsjettet til konsortiet i samsvar med reiseregulativet til staten.

Brukarstøtte

Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?

For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.no

Kontakt

Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?

For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet