Skulevalet gir verdifulle forskingsdata

Vi har samla inn meiningar om demokrati og samfunn frå skuleelevar sidan Berlinmurens fall. I år skjer det igjen, gjennom spørjeundersøkingar til elevar ved rundt 165 vidaregåande skular i heile landet i samband med skulevalet i haust.

25. august 2023

Alle data ligg ope tilgjengeleg for analyse og nedlasting i Surveybanken.  

Skulevalet - demokratiopplæring i praksis  

Sikt, Utdanningsdirektoratet, fylkeskommunane, skulane og ungdomspartia samarbeider kvart valår om å arrangere skuleval for alle elevar på vidaregåande skular.   

Eit viktig poeng ved skulevalet er at ungdommane får eit realistisk innblikk i korleis eit val går føre seg, så målet er at valet blir gjennomført så likt som mogleg det ordinære valet. På denne måten veks den politiske kompetansen og medvitet til elevane.  

I tillegg gjennomfører vi ei stor spørjeundersøking om ulike tema innan politikk og samfunn.

Spørjeundersøkinga - data for forsking og undervisning  

Kva meinte 17-åringar i 1989, og kva meiner dei i dag? Resultata av spørjeundersøkingane er ei gullgruve for kunnskap om kva norske tenåringar har meint gjennom 34 år.  

Dette er spennande og unike data, som blir tilgjengeleggjorde for alle i anonymisert form. Skulane kan altså sjølv bruke desse dataa i undervisningsopplegg.   

Elevane kan dermed få prøve seg som forskarar, og samanlikne eigne resultat og svar med andre skular. I tillegg kan dei samanlikne svara sine med resultata frå ei valundersøking som omfattar heile befolkninga.  

Parallelt med undersøkinga blant elevane blir dei same spørsmåla stilte til heile befolkninga. Dermed kan vi samanlikne og sjå om elevane skil seg ut som gruppe.   

Grafen over her viser korleis tilliten til politikarane har utvikla seg sidan 1995. Vi ser at elevane jamt over har mindre tillit til politikarane enn heile befolkninga, men variasjonen over tid følgjer same mønster for begge gruppene.  

Sjekk ut tala sjøl i Surveybanken  

I Surveybanken kan kven som helst sjå på tala og utforske korleis haldningar og verdiar har utvikla seg over tid, og korleis dei varierer mellom elevar med ulik bakgrunn.    

Skulevalet i år blir avslutta 5. september og resultata blir offentleggjorde på skolevalg.sikt.no klokka 19 same kveld. Resultata frå spørjeundersøkinga blir publiserte i løpet av hausten. 

Aktuelt fra Sikt