Rekordhøg søking til høgare utdanning i 2020

Samordna opptak i Unit koordinerer søking og opptak til grunnutdanningar, det vil seie utdanningar som normalt byggjer på vidaregåande opplæring, ved 27 universitet og høgskular. Nytt av året er at vi i tillegg samordnar søking og opptak til 353 fagskuleutdanningar ved 30 fagskular.
– Aldri før har fleire søkt opptak til høgare utdanning. Lærestadane og Unit står no klare til å handsame alle søknadar fram til opptaka blir køyrt. Sjølv om det er eit spesielt år med koronasituasjonen, så skal vi gjere vårt for at dei samordna opptaka blir gjennomført innan normale fristar og på ein god måte også i år, seier direktør i Unit, Roar Olsen.
Søking til fagskular
30 fagskular har for fyrste gong lyst ut 9 704 studieplassar gjennom Samordna opptak. 9 432 søkjarar har meldt interesse for høgare yrkesfagleg utdanning. Søkjarane fordeler seg på ni utdanningsområde, med flest fyrstevalssøkjarar til Teknologiske fag (5 721) og Helsefag (2 160). Konkurransen om plassane er størst på Estetiske fag med 1,8 søkjarar per plass og Land- og havbruksfag med 1,3 søkjarar per plass.
Søking til universitet og høgskular
Etter ein svak nedgang i tal på søkjarar i 2019, ser vi i år rekordhøge søkjartal. Kombinert med stabilt tal på studieplassar vil auken i søkjartala føre til større konkurranse om plassane.
– Mykje av auken kan nok knytast til situasjonen med koronavirus, som skaper usikkerheit i arbeidsmarknaden og rundt høvet for å studere i utlandet, seier Olsen.
Auke i tal på personar som søkte i siste liten kan tyde på at fleire enn vanleg ynskjer å ha ein plan B ved å søkje høgare utdanning i Noreg; 24 702 søkte 15. april i år, mot 14 128 same dag i fjor.
Auken i søkjartal er ganske jamt fordelt på utdanningsområda. Tretten utdanningsområde har oppgang i tal på fyrstevalssøkjarar, medan tre utdanningsområde (reiseliv, lærarutdanning og jus) har ein nedgang samanlikna med søkinga i fjor. Det er store variasjonar i tal på søkjarar til dei ulike utdanningsområda.
Den prosentvise auken er størst for økonomiske og administrative fag med 24,8 %. Det svarar til 3 819 fyrstevalssøkjarar. Også utdanningsområda mediefag, historie og samfunnsfag har ein auke i søkjartal på over 20 %. Etter at det i 2019 var 4,7 % nedgang i søkjartala til helsefag, ser vi i år ein oppgang på 4,1 %. Det svarar til 1 551 fleire fyrstevalssøkjarar til helsefag i år.
Lærarutdanningane har ein stor nedgang i tal på søkjarar (-8,1 %), med 1 148 færre søkjarar som valte studium innan dette området som sitt fyrsteval. Reiseliv er også i 2020 blant utdanningsområda med størst prosentvis nedgang i 2020, med 50 færre fyrstevalssøkjarar samanlikna med året før (-9,8 %).
Opptak 2020
Hovudopptak til fagskular vil etter planen vere klart 20. mai, og hovudopptaket til universitet og høgskular køyrast 20. juli.
Meir om tal frå årets opptak
- Statistikk- søkjar- og opptakstal frå Samordna opptak: Her har vi publisert faktanotat for båe opptaka, i tillegg til eit utval statistikkar som mellom anna syner studium med flest fyrstevalssøkjarar, flest fyrstevalsøkjarar per studieplass og søkjarar fordelt på lærestad
- Kontakt lærestadane, universitet og høgskular
- Kontakt fagskulane
- Kontakt Samordna opptak
- Informasjonsplanen for Samordna opptak: Vidare plan for offentleggjering av statistikk i årets opptak