Nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB)

Nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB) er ein nasjonal database med bibliometriske data på forsking frå heile verda.

Formålet er å tilby norske forskingsinstitusjonar data til analyse av norsk og internasjonal forsking, for å gjere forskinga betre.

Bibliometriske analysar blir nytta i mange ulike kontekstar. Mellom anna til berekning av statistikk og indikatorar på nasjonalt nivå, men også innan forskingsleiing, forskingsevaluering og strategisk utvikling på nasjonalt og institusjonelt nivå.

Bibliometridata gjer det mellom anna mogleg å lage oversikter over kven som samarbeider med kven, kva det blir forska på, kor open forskinga er og kva fagmiljø som er framifrå innanfor sitt felt.  

Per i dag krevst det kompetanse innan programmering for å kunne bruke data frå NIB, men det skjer eit arbeid for å gjere dei tilgjengeleg for fleire.

Erfaringsutveksling og kompetanseutvikling

I tillegg til å vere ein teknisk infrastruktur, er NIB eit samlingspunkt for utvikling og utveksling av bibliometrisk kompetanse i Noreg.

Bibliometriforum er initiert av NIB og er ein arena for kontakt mellom bibliometrikere og andre som jobbar med leiingsstøtte og kunnskapsutvikling for strategi og politikk ved forskingsinstitusjonar eller offentlege organ. 

Deling og samarbeid

Fordelane med NIB er fleire:  

  • Data er ferdig innkjøpte og klare til bruk.
  • Alle institusjonane bruker akkurat dei same dataene, slik at det vil vere lett å samanlikne analysar på tvers av institusjonane.
  • Alle institusjonar har lik tilgang til data som er heilt likt formatert. Dei kan dermed utveksle ulike analyseverktøy og skriptar, og slepp å utvikle alt sjølv.
  • Det er store moglegheiter for å hente ut store gevinstar ved at dataene blir vaska sentralt – heilt likt for alle – slik at den enkelte slepper sjølve jobben og kan ta omsyn til at dataa er likt vaska for alle saman
  • Erfaringsutveksling/kompetanseutveksling 

Dataene er frå Web of Science og inkluderer Core Collection og Emerging Sources Citation Index. Det er Clarivate som er leverandør av dataa.  

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.