Lisensavtalar for elektroniske forskingsressursar


Unit har operativt ansvar for dei nasjonale forhandlingane av lisensavtalar for forskingsressursar.

Unit forhandlar og administrerer avtalar med akademiske forlag på vegner av 177 institusjonar frå UH-, institutt- og helsesektoren, samt nokre fylkes- og folkebibliotek. Avtalane er organiserte i konsortium som betalingstenester.

Målet for forhandlingane er best moglege prisar og vilkår for norske fag- og forskingsbibliotek og mest mogleg open tilgang til forskingslitteratur.

  • Unit forhandlar avtalar for 11 000 tidsskrift
  • Samla avtaleverdi er 230 000 000 NOK eks. MVA
  • 3/4 av totalsummen blir betalt av universiteta NTNU, UiO, UiB og UiT
  • 3 000 000 av Noregs innbyggarar har tilgang gjennom minst éin av Units avtalar
  • Avtalane gir tilgang til 39 forskjellige elektroniske ressursar:
    • E-tidsskrift: Elsevier, Wiley, Taylor & Francis, SpringerNature, Sage, m.fl.
    • Databasar: World Bank, Cambridge Scientific Abstracts m.fl.
    • Referansebasar: Scopus, Web of Science
    • Oppslagsverk: Ordnett, Clarify, Britannica
    • Mediearkiv: Atekst

Les meir om lisensavtalar og open tilgang


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter