Samfunnsoppdrag og mål

Sikts målgruppe og kundar er verksemder i kunnskapssektoren. Brukarane våre er hovudsakleg studentar, elevar og tilsette i kunnskapssektoren.

For nokre tenester kan det også vere innbyggjarar, næringsliv, tilsette i andre offentlege verksemder, og samarbeidspartnarane deira, som brukar tenestane våre.

Samfunnsoppdraget vårt

  • Sikt skal bidra til at verksemder og brukarar i kunnskapssektoren når måla dei har sett seg
  • Sikt skal utvikle, forvalte og drifte digitale fellestenester og infrastruktur
  • Sikt skal bidra til sikker digitalisering i kunnskapssektoren og leggje til rette for innovasjon

Sikt sine roller

Leverandør av fellestenester

Sikt skal:

  • Vere ein føretrekt leverandør og partnar ved å levere gode og kostnadseffektive digitale tenester.
  • Levere ein heilskapleg og samanhengande digital grunnmur for kunnskapssektoren og bidra til samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser.
  • Levere tenester som styrkjer kunnskapssektoren innanfor informasjonssikkerheit, personvern og handtering av data.
  • Levere tenester innanfor informasjonssikkerheit og personvern som ein del av risikohandteringsplanen til HK-dir for høgare utdannings- og forskingssektoren. Desse tenestene er definerte i risikohandteringsplanen, som blir godkjend årleg av departementet i Kunnskapsdepartementets styringsmodell for informasjonssikkerheit og personvern.
  • Identifisere og forstå brukarbehov, vere ein pådrivar for fellesløysingar og bidra til å realisere strategiar og handlingsplanar.

Leggje til rette for deling og gjenbruk av data

Sikt skal:

  • Leggje til rette for dataprodusentar og gjere det enklare å dele og gjenbruke data og tenester i kunnskapssektoren og i andre sektorar.
  • Bidra til auka innovasjon, raskare tenesteutvikling og samfunnsnytte gjennom etablering av plattformer og infrastruktur for innhenting, registering, samanstilling og gjenbruk av data i eit økosystem.
  • Vere pådrivar for eit sikkert og samanhengande økosystem, nasjonalt og internasjonalt.

Sektorvist responsmiljø for IKT-sikkerhetshendelser (SRM)

Sikt har ansvaret for rolla som sektorvist responsmiljø (SRM) for høgare utdannings- og forskingssektoren. Denne rolla er skildra i NSMs rammeverk for handtering av IKT tryggingshendingar og i HK-dirs sektortilpassing av rammeverket.

Tildelingsbrev

Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør rapporterer til Kunnskapsdepartementet.

Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementets årlege styringsdokument. Eventuelle endringar eller ytterlegare tildelingar blir formidla gjennom supplerande tildelingsbrev i løpet av året.

Vi viser òg til verksemds- og økonomiinstruks for Sikt. Alle mål og krav Sikt er ansvarleg for, må bli planlagt og realisert innanfor dei angitte rammene. Omtalen i budsjettproposisjonane, og vedtekne lover og forskrifter er utgangspunktet for gjennomføringa av politikken saman med prioriteringar, føringar og krav som blir gitt i dette brevet.

Tildelingsbrevet og eventuelle supplerande tildelingsbrev skal publiserast på nettsidene for verksemda så snart dei er mottekne, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 2.3.2.

Sjå tildelingsbrevet for Sikt