Rialto Marketplace
ProQuest Rialto er ein integrert innkjøpsmodul i biblioteksystemet Alma. Her kan ein søkje i materiale som blir tilbode av ei lang rekkje leverandørar, i både elektronisk og trykt form og tilpassa eit akademisk miljø.
Med Rialto får ein heile livsløpet til ressursane i biblioteket i Alma, frå ønske om innkjøp oppstår og til dei er søkbare i Oria.
Ved å integrere Rialto i Alma, får ein fleire fordelar:
- Når lånarane søkjer i Oria ser dei raskt at noko er i bestilling
- Grensesnitt, terminologi og funksjonar er kjende for dei bibliotektilsette frå før
- Før ein legg inn bestilling ser ein behaldning som allereie finst i biblioteket
Vilkår for bruk
Rialto er gratis som ein del av Alma og kan brukast av alle institusjonane i konsortiet, men vêr påpasseleg knytt til anbodsreglar:
Viss e-bokbudsjettet til institusjonen overstig ein viss sum, må det køyrast anbod på val av leverandør. I eit eventuelt anbod vil Rialto kunne vere noko konkurransevridande, sidan Rialto er knytt til ProQuest som også tilbyr innhald.
Bruk av Rialto kan dermed ikkje brukast som kriterium i eit anbod.
Vi tilrår institusjonar som er interesserte i Rialto å avklare og følgje lokal innkjøpspolitikk.
Les meir om Rialto hos Exlibris
Kontakt oss for å komme i gang
For å komme i gang med Rialto, ta kontakt med oss gjennom brukarstøtteportalen support.bibsys.no.
Brukarstøtte
Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?
For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.noKontakt
Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?
For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet