Alma biblioteksystem

Alma er eit moderne biblioteksystem som inneheld alle funksjonar som trengst for å drifte eit bibliotek. Sikt tilbyr systemet til norske fagbibliotek via medlemskap i BIBSYS-konsortiet.

Alma er eit biblioteksystem som blir utvikla av Ex Libris. Det er eit innhaldsrikt system med mange moglegheiter innan konfigurasjon og tilpassing av arbeidsflyt.

Systemet handterer brukardata, innkjøp av materiale, metadata om ressursane i biblioteket og mykje meir. Felleskatalogen til BIBSYS-konsortiet blir også handtert i Alma. 

Få god oppfølging i stort nettverk

Ved å kjøpe Alma gjennom ein avtale med Sikt, får de oppfølging og støtte frå erfarne medarbeidarar og tilgang på eit nettverk med likesinna brukarar.

Sikt tilbyr brukarstøtte, rettleiingar og hjelp med oppsett og konfigurasjon. Vi handterer også brukarstøtte og annan kommunikasjon med Ex libris.  

Sikt tilbyr også integrasjonsstøtte for implementering av tenestene for kvar enkelt institusjon viss de har spesielle behov. 

Kven kan bli kunde? 

Alma blir nytta av medlemmene i BIBSYS-konsortiet, som består av ca. 80 norske fag- og forskingsbibliotek.

For å bli med på avtalen Sikt administrerer må institusjonen bli medlem av konsortiet.

Sjå korleis institusjonen din kan bli med i BIBSYS-konsortiet

Oversikt over direktelenker til Alma-instanser med Feide:

Tenester som er knytt til Alma

Søkjetenesta Oria er tett knytt til biblioteksystemet Alma. Medan Alma er arbeidsverktøyet til dei bibliotekansatte (back end), er Oria inngangen til brukarene for å få tilgang til ressursane i biblioteket.  

Pensumlistesystemet Leganto byggjer på data frå både Alma og Oria, og kan vere nyttig dersom institusjonen nyttar seg av pensumlister. Alma er påkravd for å bruke Leganto.   

Rialto Marketplace er ein innkjøpsmodul som kan integrerast i Alma for å kunne søkje i og bestille materiale.

Brukermedverknad i BIBSYS-konsortiet 

I BIBSYS-konsortiet samarbeider medlemmene om arbeidet med å utvikle Alma.

Konsortiet har eit styre og fleire faggrupper som bidreg til brukarmedverknad og påverknad over dei tenestene som konsortiet tilbyr.  

Forslag til forbetring

Har du idear eller tankar som kan forbetre bruken av Alma, eller har du idear om ny funksjonalitet? 

Les meir om korleis du kan melde endringsforslag til Ex Libris.

Produkt- og tenestevilkår

Tenestebilag til rammeavtale mellom Sikt, org. nr. 919477822, og Verksemda. 

Følgjande vilkår må vere oppfylt for deltaking i BIBSYS-konsortiet

  • samlinga til biblioteket er eit positivt tilskot til fellesskapen
  • biblioteket er villig til å stille samlingane sine til rådvelde
  • biblioteket har tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Søknader om deltaking vil bli behandla av Sikt og godkjent i styret for BIBSYS-konsortiet.

Gjennom deltaking i konsortiet får ein tilgang til biblioteksystemet Alma og søkjesystemet Oria. Alma biblioteksystem er ei teneste som Sikt leverer til BIBSYS-konsortiet.

Som eit supplement til Alma tilbyr Sikt støttetenester som brukarstøtte, rettleiingar og konfigurasjonsstøtte og dessutan utvikling av nasjonale tilpassingar for heile konsortiet generelt og Nasjonalbiblioteket spesielt.

Alma er eit internasjonalt standardprodukt som blir utvikla av Ex libris. Alma blir nytta av ca 80 norske fag- og forskingsbibliotek, og er tett knytt til søkjetenesta Oria som er eit verktøy for studentane og forskarane.

Forpliktingane til kunden er spesifisert i retningslinjene for BIBSYS-konsortiet.

Tenesta har Servicenivå 1B. Servicenivået beskriv

  • Kontaktpunkter og respons- og svartider tider ved behov for support og for å melde feil.
  • Eventuell varsling ved feil og planlagt arbeid

Særskilt for Alma og Oria: Support eller feil blir meld inn på https://support.bibsys.no

Sikt har ein databehandlaravtale med underleverandøren Ex libris. Kvar enkelt institusjon må signere ein databehandlaravtale med Sikt før ein kan ta i bruk bibliotektenestene. Dei enkelte tenestene er beskrivne i eigne vedlegg til databehandlaravtalen.

Verksemda har eit sjølvstendig ansvar for å sørgje for tilfredsstillande informasjonssikkerheit ved eigen bruk av tenesta. Dette følgjer mellom anna av føresegnene i eForvaltningsforskriften og personopplysningslova. Det inneber at Verksemda skal vurdere risikoen for brot på sikkerheiten og setje i verk nødvendige sikringstiltak for å verne konfidensialiteten, integriteten og tilgjengelegheita til informasjonen.

Vurdering og iverksetjing av nødvendige sikringstiltak skal skje innanfor ramma av leiingssystemet for informasjonssikkerheit i Verksemda.

Verksemda må inngå ein ein databehandlaravtale med Sikt før tenesta blir tatt i bruk. Informasjon om handtering av sikkerheit og personvern i tenesta finst nærare beskriven i databehandlaravtalen.

Det bør gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS) for tenesta hos verksemda. Sikt kan hjelpe til med målar og eventuelt rådgiving i samband med dette.

Tenesta er organisert som eit konsortium og tenesta blir fakturert gjennom ein årleg deltakarkontingent i konsortiet.

Den økonomiske ramma for konsortiet blir definert av Styret for konsortiet og kostnadene blir fordelt basert på ein vedtatt kostnadsfordelingsmodell.

Tenesta er organisert som eit samarbeidskonsortium. Sjå retningslinjene for BIBSYS-konsortiet.

Vilkåra for deltaking i konsortiet er definerte i konsortieavtalen mellom Sikt og kvar enkelt institusjon.

Utover det som er beskrive i konsortieavtalen, er det dei generelle teneste- og leveransevilkår i Sikt som er gjeldande for tenesta. Der det eksisterer avtalar eller vilkår for enkelttenester som dekkjer områda i dei generelle vilkåra, går avtalen for enkelttenesta framfor dei generelle vilkåra:
https://sikt.no/generelle-tjeneste-og-leveransebetingelser

Vilkåra for deltaking i konsortiet er definerte i konsortieavtalen mellom Sikt og kvar enkelt institusjon. Utover det som er beskrive i denne er det dei generelle teneste- og leveransevilkår i Sikt som er gjeldande for tenesta.

Der det eksisterer avtalar eller vilkår for enkelttenester som dekkjer områda i dei generelle vilkåra, går avtalen for enkelttenesta framfor dei generelle vilkåra: https://sikt.no/generelle-tjeneste-og-leveransebetingelser

Relaterte sider og tenester

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.