Endringsforslag for Alma, Oria og Leganto 

Har du idear eller tankar som kan forbetre bruken av Alma, Oria, Leganto, eller har du idear om ny funksjonalitet som burde vore der? Sjå korleis du kan bidra til forbetringar av systema.

Det er to inngangar for å melde endringsforslag om tenester til Ex libris: 

  • NERS (Felles avstemming for konsortiet) 
  • Idea Exchange (Enkeltforslag frå alle brukarar) 

NERS

Som bruker av eit Ex libris-produkt har konsortiet eit konsortiemedlemskap i IGeLU, den internasjonale gruppa av Ex libris brukarar. Via denne medlemskapen kan Sikt på vegner av konsortiet melde inn og stemme på endringsforslag via NERS (New Enhancements Request System).

Ex libris har forplikta seg til å implementere endringsforslaga med flest stemmer.

Endringsforslag frå konsortiet kan meldast til Sikt på support.bibsys.no. Sikt melder saker vidare til NERS og gir stemmer på vegner av konsortiet i samarbeid med faggruppene. 

Slik går stemmerundane føre seg

Normalt er det ein stemmerunde i året. Konsortiet får 100 poeng per medlemsinstitusjon, og i 2022 svarte til dette 7900 poeng. Til samanlikning får ein enkelt Igelu-medlem 100 poeng.

Dei sakene med flest poeng går vidare til gjennomgang hos Ex libris. Normalt sett blir topp 20-sakene med vidare i ein ny stemmerunde. Når denne stemmerunden er ferdig er Ex libris forplikta til å leggje topp 5-sakene inn på utviklingsplanen sin.

Det kan vere verd å merke seg at det kan ta tid før ei sak frå NERS blir implementert og tilgjengeleg for brukaren. Vi ser døme på at det kan ta 1–2 år. 

Sikt har mange poeng. Vi erfarer at ved å bruke poenga taktisk, har vi gode moglegheiter for å stemme fram dei viktigaste sakene til konsortiet. 

Idea Exchange

Idea Exchange er Ex libris sin eigen kanal for å gi kvar enkelt bruker høve til å sende inn nye idear eller forslag til utbetring av eksisterande funksjonalitet. 

Ein kan også stemme på eigne eller andre forslag. Kvar bruker får tildelt 25 stemmer. 

Skilnaden frå NERS er at Ex libris ikkje har nokon forpliktingar til å inkludere sakene i utviklingsplanen. Dei seier også at dei ikkje har kapasitet til å gå gjennom alle registrerte saker, men at dei som eit minimum sjekkar sakene som har flest stemmer. 

Sikt ser at i nokre tilfelle kan ei sak i Ideas Exchange få ei raskare behandlingstid enn saker i NERS. Dette kjem nok av at Ex libris kan plukke ut saker som passar med utviklingsplanen deira, og at dei følgjer med kontinuerleg. Det er ikkje «opptak» av saker berre ein gong i året. 

Slik kan du bli med på å få fram gode idear

Sikt oppmodar alle til å ta ein titt på idear som er registrerte. Gi poeng til dei forslaga som vil gjere kvardagen med Alma enklare, eller du kan registrere ein idé sjølv.

Viss du registrerer ein idé, send gjerne informasjon til resten av brukarane i konsortiet via gjeldande e-post-liste. Slik kan andre vere med å stemme saka fram: 

For meir informasjon sjå Ex Libris FAQ og retningslinjer for bruk av Idea Exchange. 

Brukarstøtte

Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?

For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.no

Kontakt

Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?

For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet