God oppstart for Porteføljestyret for utdanning og administrasjon

Porteføljestyret var samla til eit heildagsmøte på Gardermoen fredag 16. juni. Dette var det første ordinære møtet i styret. Gjennomgang av status i porteføljen og oppstart av arbeid med ein porteføljestrategi for utdanning og administrasjon var sentrale saker.

23. juni 2023

På dagsorden stod også orienteringar om kontinuerleg produktutvikling, moderniseringa av FS (Felles studentsystem) og diskusjon av vidare arbeid med arbeidslivsportalen og analyseplattforma.

For arbeidslivsportalen vedtok styret at Sikt skal komme tilbake med ein analyse av korleis funksjonaliteten kan varetakast og finansierast innanfor rammene av Felles studentsystem. Dagens teneste blir vidareført inntil dette er avklart, men utan nyutvikling

Porteføljestyret er ein del av samstyringsmodellen for digitalisering og blir leia av Marit Reitan, prorektor for utdanning ved NTNU.

Medlemmene kjem frå 11 ulike universitet og høgskular, og i tillegg Norsk studentorganisasjon (NSO).

Oppstart for porteføljestrategi

Porteføljestyret starta arbeidet med ein porteføljestrategi for produkta og tenestene innanfor utdanning og administrasjon. Produkta i porteføljen har mange koplingar når det gjeld integrasjonar og dataflyt. Det er også i stor grad mange felles brukargrupper.

Strategien skal sjå porteføljen i samanheng og gi føringar for vidare utvikling av dei enkelte produkta i porteføljen. Dette kan m.a. bidra til færre og meir heilskaplege brukarflater, meir automatisering og betre utnytting av ressursane.

Sjå dagsorden, sakspapir og presentasjonar frå møtet på sikt.no.

Aktuelt fra Sikt