Nye og enklare maler for informasjonsskriv

Retten til å få informasjon om kva personopplysningar som blir behandla om deg, er eit viktig prinsipp i personopplysningslova. I forskingsprosjekt er informasjonsskrivet sentralt for å vareta personvernet.

25. april 2023

Det finst ei rekkje krav til informasjonen du gir om behandling av personopplysningar. Informasjonen skal både innehalde fleire sentrale punkt, samtidig som ho skal vere kortfatta og lett forståeleg.

Å gjere dette i praksis kan vere ei utfordring. Sikts personverntenester har derfor utarbeidd nye malar for informasjonsskriv, der informasjonen blir gitt lagvis.

Lagvis informasjon betyr at den viktigaste infomasjonen blir gitt først i skrivet, og utfyllande informasjon kjem til sist.

– Vi håpar at dei nye malane kjem til nytte forskarar og studentar når dei skal førebu informasjonsskriva, og at dei gjer det lettare for dei som skal delta å forstå kva dei blir med på, seier Marianne Høgetveit Myhren, produktområdeleiar for personverntenester i Sikt.

Illustrasjon av deling av persondata.

Aktuelt fra Sikt