Hovudopptaket til høgare utdanning 2021


110 119 søkarar har fått tilbod om studieplass ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak i årets hovudopptak. Det er 2120 fleire tilbod enn i fjor, viser tala frå Samordna opptak i Unit.

Grafikk som illustrerer Samordna opptak sin søkerportal
  • Det er lyst ut 61 857 studieplassar til 1324 studier ved 27 lærestader. Det er ein auke på 1,4 % frå 2020, da ble det lyst ut 60 996 plassar til 1 303 studier.
  • 152 730 personar har søkt opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak i år, ein auke på 2,1 % frå i fjor.
  • 137 994 er kvalifisert for minst eitt studium. Av dei kvalifiserte søkarane har 110 119 (79,8 %) fått tilbod om studieplass, ein auke på 2 % frå 2020. 
  • Blant dei som får tilbod om studieplass får 60 996 søkarar (55,4 %) tilbod på sitt høgst prioriterte studieønske. Det er ein høgare andel enn i 2020, då tilsvarande tal var 58 629 (54,3 %).
  • 27 875 kvalifiserte søkarar står utan studietilbod i årets hovudopptak. Dette utgjer 20,2 % av alle kvalifiserte søkarar.

Det har vore nok eit rekordår i Samordna opptak, både når det gjeld talet på søkarar og kor mange søkarar som får tilbod om studieplass. Det er dessutan hyggeleg å konstatere at det aldri har vore så mange søkarar som har fått tilbod om plass på sitt førsteval som i år, seier Terje Mørland, avdelingsdirektør for utdanningstenester i Unit.

I årets hovudopptak går 43 773 av totalt 110 119 tilbod til menn, medan 66 346 tilbod går til kvinner. Dette gjev same kvinnedel som i fjorårets opptak (60,2 %). 

Auken i tilbod om studieplass er størst i dei eldre aldersgruppene. I aldersgruppene frå 30 år og oppover er det 1825 fleire som får tilbod om studieplass, samanlikna med 2020. Det er og ein auke i 21 og 22 år gamle søkarar som får tilbod om studieplass, medan det er ein nedgang både i talet på søkarar og tilbod til dei yngste søkarane under 21 år.

Mange har spurt om pandemien vil ha innverknad på unge sine utdanningsval. Søkertala indikerer ingen store koronaeffektar. Men vi kan konstatere at auken i søkarar over 30 år fortset frå i fjor. Vi ser og nokre små endringar i kva byar og fylke søkarane ønsker seg til. Det er likevel for tidleg å seie noko om det er koronaeffektar eller ikkje, avsluttar Mørland.

86,6 % av årets kvalifiserte søkarar hadde elektroniske vitnemål lagra i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), der det no er registrert meir enn 1 million digitale vitnemål. Dette gir grunnlag for automatisk kvalifisering og poengberegning av søknadar og ein raskare og sikrare søknadsbehandling.

Endringar frå 2020

Det er størst prosentvis auke i utsendte tilbod til mediefag (12,2 %), etterfølgt av informasjonsteknologi og informatikkfag (11,4 %) og økonomiske og administrative fag (9,2 %). I reine tal er det størst auke i talet på tilbod til økonomisk-administrative fag, helsefag, og informasjonsteknologi og informatikk.

Det er størst nedgang i talet på søkarar med tilbod innanfor utdanningsområda samfunnsfag (som omfattar psykologi) og lærarutdanning, med respektive 526 og 417 færre tilbod gitt i hovudopptaket.

Det er ein nedgang i søkertala til utdanningsområdet lærar. Talet på søkarar med tilbod innan utdanningsområdet lærar går ned med 3,5 %.

 I faktanotatet frå Samordna opptak finn du utfyllande statistikk frå hovudopptaket 2021.

Studier med høgast poenggrense

Det er få endringar i kva for slag studier som toppar topp 10-lista over studium med hardast konkurranse om plassane. Vi ser at poenggrensene på denne lista aukar meir i ordinær kvote der alle søkarar konkurrerer, enn den gjer i førstegangskvoten der søkarar som er 19, 20 og 21 år konkurrerer berre på grunnlag av karakterar frå videregåande (utan tilleggspoeng).

Poenggrenser gir ein indikasjon på kor vanskeleg det er å koma inn på eit studium, og viser kor mange poeng søkaren med den lågste poengsummen som fekk tilbod om studieplass på studieprogrammet hadde.

Overbooking

Det sendes ut fleire tilbod enn det er tal på planlagte studieplassar. Erfaring viser at mange takkar nei til studieplass eller ikkje møter opp ved studiestart. For å få fylt opp studieplassane er såkalla overbooking nødvendig på mange studier. I 2020 svarte 64,5 % av søkarane ja til det tilbodet dei hadde fått om studieplass. 56,6 % ble til slutt registrert som møtt.

I årets hovudopptak har lærestadene overbooka med 78,0 % mot 77, 1 % i fjor.

24. juli frist for å svare på tilbod i hovudopptaket

Søkarar som har fått tilbod om studieplass eller ventelisteplass, har frist til og med 24. juli med å svare på Samordna opptak sine nettsider. Dersom ein søkar ikkje svarar innan fristen, blir dette betrakta som nei-svar.

Ledige studieplassar

Oversikt over studier med ledige plassar ble lagt ut på våre nettsider tysdag 20. juli klokka 09.00. Lista blir oppdatert jamleg, lærestadene kan legge til nye studieplassar eller ta bort studieplassar når dei har nok kvalifiserte søkarar. Alle kan søke på ledige studieplassar, uavhengig av om dei har søkt tidligare i år. Søkarar må være kvalifiserte for å få tilbod om plass, og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld.

Kontaktinformasjon

Meir informasjon om søking og opptak til høgare utdanning får du ved å kontakte lærestadene eller Samordna opptak.

Statistikk og faktanotat for hovudopptaket 2021 blir publisert fredag 23. juli kl.10.00 på Samorda opptak sine nettsider.

Pressekontakt

Kommunikasjonssjef Åshild Berg-Tesdal – tlf. 911 39 271


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter