Hovudopptaket til høgare utdanning 2020


Unit ved Samordna opptak, sender i hovudopptaket for 2020 ut tilbod om studieplass til 107 999 søkarar. Dette er 8 680 fleire søkarar med tilbod enn i 2019, ein auke på 8,7 %.

Foto: Shutterstock

Av 149 541 søkarar, er 135 742 kvalifiserte for minst eitt studium. Det er ein oppgang på 14 724 søkarar (12,2 %) frå 2019. Av dei kvalifiserte søkarane har 79,6 % fått tilbod om studieplass. Til samanlikning var prosentdelen i 2019 på 82,1 %.

Blant dei som får tilbod om studieplass, får 58 629 (54,3 %) tilbod på sitt høgast prioriterte studieønske. Dette er ein lågare del enn i 2019, kor tilsvarande tal var 57 489 (57,9 %). 

Ved årets hovudopptak gis 43 001 av totalt 107 999 tilbod til menn, mens 64 998 tilbod gis til kvinner. Dette gir ein kvinnedel på 60,2 %, - mot 59,9 % i 2019.  

Auken i tilbod om studieplass er størst i dei yngste aldersgruppene. I år er det 3191 fleire 19-åringar som får tilbod om studieplass, samanlikna med 2019. Det er auke i tal på kvalifiserte søkarar og tilbod i alle aldersgrupper i årets opptak.

86,9 % av årets kvalifiserte søkarar hadde elektroniske vitnemål lagra i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB). Dette gir grunnlag for automatisk kvalifisering og poengrekning av søknader og ei raskare og sikrare søknadsbehandling. I juli 2020 var det for første gong registrert meir enn 1 million digitale vitnemål i NVB.

– Det er rekordmange søkarar i årets opptak. Det betyr hardare konkurranse på mange område. Samstundes tilbyr lærestadene stadig fleire studieplassar og aldri før har så mange fått tilbod om studieplass, seier Terje Mørland, avdelingsdirektør for utdanningstenester i Unit.

2020 har vore eit spesielt opptaksår, både på grunn av det store talet søkarar og koronasituasjonen. Eg vil heidre alle lærestadene og Samordna opptak som har stått på enda meir enn normalt for å kome i mål med årets opptak, avsluttar Mørland. 

Endringar frå 2019

Det er størst prosentvis auke i utsendte tilbod til land- og havbruksfag (19,7 %), etterfølgt av informasjonsteknologi og informatikkfag (18,3 %). Det er sendt ut færre tilbod enn i fjor til pedagogiske fag (-1,4 %). 

I år har reiseliv, lærarutdanning og juridiske fag minking i tal på førstevalssøkjarar. Samstundes er det auke i tal på kvalifiserte søkjarar på alle utdanningsområde i årets opptak. I faktanotatet frå Samordna opptak finn du utfyllande statistikk frå hovudopptaket 2020. 

Overbooking 

Det er lyst ut 60 996 studieplassar til 1 303 studium ved 27 lærestader. I 2019 vart det tilsvarande lyst ut 58 741 plassar til 1 300 studium. Det er ein auke på 3,8 %. I reine tal er det størst auke i tal på tilbod til økonomisk-administrative fag, helsefag, samfunnsfag og teknologiske fag.

Det sendast ut fleire tilbod enn det er tal på planlagde studieplassar. Røynsla viser at mange takkar nei til studieplass eller ikkje møter opp ved studiestart. For å få fylt opp studieplassane er såkalla overbooking nødvendig på mange studium. I 2019 svarte 65,4 % av søkarane ja til det tilbodet dei hadde fått om studieplass. 57,1 % vart til slutt registrert som møtt. 

Overbooking i år er på 77,1 % mot 69,1 % i fjor.

24. juli frist for å svare på tilbod i hovudopptaket 

Søkarar som har fått tilbod om studieplass eller ventelisteplass, har frist til og med 24. juli med å svare på www.samordnaopptak.no. Viss ein søkar ikkje svarer innan fristen, blir dette betrakta som nei-svar. 

Framleis ledige studieplassar 

Oversikt over studium med ledige plassar vart lagt ut på nettsidene våre måndag 20. juli klokka 09.00. Alle kan søke på ledige studieplassar, uavhengig om dei har søkt tidlegare i år. Søkarar må vere kvalifiserte for å få tilbod om plass, og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. 

Kontaktinformasjon 

Meir informasjon om søking og opptak til høgare utdanning får du ved å kontakte lærestadene eller Samordna opptak.
Statistikk og faktanotat for hovudopptaket 2020 publiserast fredag 24. juli kl. 10.00 på Samordna opptak sine nettsider

Pressekontaktar


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter