Open for open tilgang?

Skrevet av Solveig Wikstrøm , 25. november, 2020
Dei siste åra har det vore store endringar i arbeidet med open tilgang til forsking, både nasjonalt og internasjonalt. I Noreg er det Unit som koordinerer dette arbeidet. Kva finn du av informasjon hos oss, og kva betyr open tilgang for deg?

Korfor open tilgang?

Hovudprinsippet for open tilgang (open access, OA) er at viss forsking er offentleg finansiert, bør resultata vere offentleg tilgjengelege. Dei nasjonale retningslinene frå 2017 har som målsetjing at  vitskapelege artiklar finansiert av offentlege midlar skal vere opent tilgjengelege innan 2024.

Vitskapelege artiklar er ikkje interessante berre for ei lita gruppe akademikarar, derfor er det så viktig at heile samfunnet får tilgang til forskinga som i mange høve er utgangspunkt for samfunnsdebatten. Eit godt døme på forsking med slikt nedslagsfelt er dei 28 norskspråklege tidsskrifta innan humaniora og samfunnsvitskap som er opent tilgjengelege slik at dei kan lesast av alle. Generelt er det teikn til at norsk forsking er på god veg mot full open tilgang innan 2024; det er gledeleg at målet er innan rekkevidde.

Nettstad om open tilgang

Arbeidet med open tilgang i Noreg blir altså koordinert av Unit. Det er òg Unit som har ansvar for forlagsforhandlingar om open publisering og som røktar nettstaden openaccess.no. Dette er den primære kanalen vår for å orientere om open tilgang, og det gjer vi med stadig fleire emne til stadig fleire målgrupper.

Vi erfarte at behovet for informasjon auka sterkt i 2018, da vi begynte å forhandle forlagsavtalar som skulle tillate open publisering. Dermed trong vi ein kanal for å formidle framdrifta i forhandlingane og forklare kva dei nye avtalane innebar. Og ikkje lenger berre til OA-administratorar som tidlegare – no vart det lagt meir vekt på å nå forskarane, som ville vite kva open tilgang betydde for nett dei, med omsyn til kor og korleis dei kunne publisere opent. Forhandlingane med forlaga skapte mykje merksemd, og det førte til at også fagpressa vart ei ny målgruppe. Og ikkje minst er det viktig for oss å informere den «opplyste ålmenta», som det heiter. For open tilgang betyr open for alle, anten du er forskar eller ikkje.

Behovet for informasjon auka sterkt i 2018, da vi begynte å forhandle forlagsavtalar som skulle tillate open publisering. No vart det lagt meir vekt på å nå forskarane, som ville vite kva open tilgang betydde for nett dei, med omsyn til kor og korleis dei kunne publisere opent.
Solveig Wikstrøm

Kva er ein «publiser og les-avtale»?

Avtaletypen Unit forhandlar fram er ein såkalla publiser og les-avtale. Han lar forskarar ved en institusjon som deltar i avtalen publisere opent utan kostnad for den einskilde forskaren. Institusjonen sine tilsette har òg lesetilgang til tidsskriftporteføljen som ligg bak betalingsmur. Dei nyforhandla «publiser»-avtalane skil seg på fleire vis frå dei tradisjonelle «lese»-avtalane som dei er bygd på. Sams for alle, slik vi kjenner dei, er at dei har ei komplisert oppbygging som skuldast historikken som ligg bak. (For døme, sjå forklaring av Elsevier-avtalen.)

Sidan vi i seksjonen Lisensavtalar og open tilgang i Unit i tillegg til å forhandle avtalar også driv med administrasjon av konsortia for dei same avtalane, har fokuset naturleg nok ligge på å forklare kva vi har forhandla fram. Vi oppretta nettsida Forhandlingar med tidsskriftleverandørar, og ho har vorte oppdatert og revidert eit uttal gongar sidan vi starta med OA-forhandlingane. Kvar einskild av avtalane som tillèt open publisering har fått eigne informasjonssider, både slike som er retta mot forskaren som lurer på kor og korleis ein kan publisere (Publisere opent i lisensavtalar) og meir omfattande informasjon retta mot biblioteka.

Samarbeid om forhandlingar

Det å forhandle avtalar som skulle tillate open publisering var heilt nytt da vi starta; ikkje berre for oss som har ansvar for dette i Noreg, men verda over. Det har derfor vore viktig at prinsippa er så godt forankra hos styresmaktene og hos forskingsinstitusjonane. For dei største avtalane sin del fekk vi forankring i toppleiinga ved fire av dei største universiteta gjennom at rektorar deltok i forhandlingane i 2018 og 2019.

Plan S

Om du stadig heng med i dette etter kvart lange innlegget, er du nok ein av dei som kjenner til Plan S. Målet med Plan S er altså at all forsking som blir finansiert av organisasjonane som deltar, straks skal gjerast opent tilgjengeleg. Noreg deltar i cOAlition S gjennom Forskingsrådet sitt medlemskap. Så sjølv om det er dei som «eig» Plan S, er det våre avtalar som skal oppfylle krava som blir stilt, og vi får mange spørsmål. Vi informerer om Plan S på nettstaden i samarbeid med Forskingsrådet.

Plan S har i det heile skapt merksemd rundt fleire tilhøve der det er naudsynt å gi oppdatert informasjon. Det gjeld for eksempel bruk av lisensar, sidan Plan S set krav om bruk av CC-lisens. I samband med dette bad Kunnskapsdepartementet Unit om ei utreiing om rettigheits- og lisensspørsmål knytt til open publisering, som vart følgt av ein innspelsrunde.

Open tilgang rommar mykje

Det er ikkje nokon løyndom at OA-miljøet er prega av stammespråk, der fagtermar og akronym gjer at det er vanskeleg for utanforståande å orientere seg. Derfor har vi utvikla ei ordliste som søkjer å forklare dei mest vanlege omgrepa og initiativa. Vi har òg innleidd eit samarbeid med Språkrådet for å finne gode, norske avløysarord i eit miljø der det meste av kommunikasjonen går føre seg på engelsk.

I tillegg til at openaccess.no prøver å gi rettleiingar i kor ein kan publisere opent, prøver vi òg å forklare kor og korleis ein kan finne relevant open litteratur. For å nå ut til alle har vi forsøkt å inkludere informasjon om kor du kan finne opent tilgjengeleg forsking i breiare forstand.       

Hausten 2020 starta andre fase av det som går under nemninga NÅHST – eit lite fengande akronym som likevel har klart å setje seg i miljøet. NÅHST står for Norske åpne humanstiske og samfunnsvitenskapelige tidsskrift og handlar om å finansiere dei mest sentrale tidsskrifta innan fagdisiplinane slik at dei er opent tilgjengeleg for alle. Unit administrerer ordninga, og 28 av 42 søkarar får støtte frå 2021. Sidan NÅHST er ei støtteordning som ikkje kan inkludere alle, har det vore ekstra viktig for oss å gjere informasjonen så transparent og open som mogleg – i tråd med norsk lovgjeving og dei prinsippa for openheit vi sjølvsagt arbeider ut frå. Dette var også viktig i arbeidet med ein evalueringsrapport for den første fasen av ordninga.

Så har vi ei nyheitsteneste. Her publiserast interne saker, til dømes informasjon om forhandlingar for dei einskilde forlaga, om publisering i høve til plan S, men òg eksterne saker og arrangement som vi blir tipsa om.

Open tilgang og open forsking

Vi meiner vi er ganske godt forspente med informasjon om det som kan kallast open tilgang; særleg open tilgang til forskingsartiklar. Men landskapet rundt open tilgang og open forsking er så mykje meir enn dette. Mellom anna er det mykje snakk om open tilgang til forskingsdata, eller open data, som handlar om å gjere grunnleggande data frå forskingsaktivitet fritt tilgjengeleg. På nettsida vår om Forskingsdata blir omgrep som FAIR-prinsipp, datahandsamingsplan, folkeforsking og forskjellige initiativ og tenester presentert og forklart. Her har vi fått hjelp frå eit nokså nyskipa redaksjonsråd for openaccess.no, med eksterne representantar frå Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet. I Unit sin seksjon for forskingsstøtte veit vi at det blir arbeidd med tenester for forskingsdata som gjer forskingsdata mogleg å sitere og som lagrar og gjenfinner desse. For openaccess.no sin del er ambisjonen å kunne informere meir om nettopp forskingsdata, og i tillegg til innspel frå redaksjonsrådet har vi knytt ei rekkje kontaktar med kompetanse på feltet for å vere budd til dette. Målsetjinga er at nettstaden skal omfatte mykje meir enn berre open tilgang i framtida.

Ny nettstad er rett rundt hjørnet

For å vere rigga til å informere breiare, er ein ny nettstad på ei ny plattform snart klar for lansering. Av nyhende på nettstaden kan vi nemne at vi arbeider med kunnskapsgrunnlag for eit såkalla OA-barometer som viser framgangen for dei ulike typane open publisering i Noreg. Det vil òg bli presentasjon av dataanalysen som ligg til grunn for forhandlingane vi gjer, slik at dei av dykk som arbeider med open tilgang har eit betre kunnskapsgrunnlag for dei einskilde avtalane.

Open access, som indikert i namnet på nettstaden no, er berre ein del av det som er kjent som open science, eller open forsking på norsk. Det er dette større nedslagsfeltet vi gjerne vil arbeide mot, og derfor går stadig diskusjonen om kva vi skal kalle nettstaden. Og vi vil veldig gjerne nytte norske termar! Kanskje du har forslag? Om du elles har meiningar om korleis ein nettstad med vårt nedslagsfelt bør sjå ut, og korleis ein kan informere godt og presist om eit komplekst emne, er vi takksame for innspel.  

Skrevet av Solveig Wikstrøm , 25. november, 2020

0 kommentarer

Skriv ny kommentar

Bruk av kommentarfeltet på Unit-bloggen. Vi ønsker kommentarer og spørsmål til våre bloggsaker velkommen, og setter pris på engasjement rundt det vi jobber med i Unit. Vi ønsker at du bruker fullt navn. Vi skal også svare på saklige spørsmål etter beste evne. Det er likevel noen kjøreregler. Vi tillater ikke: · Kommentarer som ikke er relevante for saken eller Units virksomhet · Ufin språkbruk, trakassering og personangrep · Spam, reklame og andre lenker til eksterne nettsteder som ikke er relevante for saken · Innlegg som bryter med norsk lov · Innhold som bryter med tredjeparts opphavsrettigheter/immaterielle rettigheter Kommentarer som bryter med våre retningslinjer, vil bli fjernet.