Webinar om Nasjonalt vitenarkiv tilgjengeleg på nett


Onsdag 17. februar deltok nærare 400 personar på webinar om Nasjonalt vitenarkiv (NVA) kor Unit presenterte prosjektstatus og planar for integrasjon av Cristin-funksjonalitet, i tillegg til å gje ein demonstrasjon av tenesta.

Foto: Shutterstock

Det blei gjort opptak av webinaret og du kan sjå opptaket i Unit si teneste DLR (Digitale læringsressursar).

Vil du sjå lysarka som blei vist så ligg dei på same lenke, men du må velje fana som heiter «Innhald» eit stykke ned på sida. På same stad finn du også alle spørsmåla frå webinaret med kvalitetssikra svar.

Spørsmåla som blei stilt på webinaret dreia seg mellom anna om kva type ressursar som kan publiserast i NVA, ORCID, personvern og metadata.  

Nasjonalt vitenarkiv finn de foreløpig på adressa https://nva.unit.no. Snart kjem det også ei lenke på sida kor alle kan gje direkte tilbakemelding til oss på kva de synast om tenesta og forslag til forbetringar.
 


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter