Unit signerer nasjonal avtale med OA-forlaget Frontiers


Ny nasjonal avtale med forlaget Frontiers, som er leiande innan open publisering, gjer det enklare for norske forskarar å publisere i Frontiers’ tidsskrift.

Bilete av kvitt tastatur med grøn knapp kor det står "Access"
Foto: Shutterstock

For deltakarar i avtalen er det inkludert rabatt på publiseringsavgifter (APC), sentralisert fakturering og betalingsalternativ, samt støtte til bibliotektilsette som arbeider med publiseringsavgifter.

Rammeavtalen mellom Frontiers og Unit er i tråd med målsetjinga om å gjere forsking universelt og fritt tilgjengeleg. Avtalen vil i utgangspunktet laupe i tre år frå januar 2020.

”Vi er glade for å kunngjere vår første avtale med ein rein OA-utgivar, Frontiers. Med sentralisert fakturering og standardisert arbeidsflyt vil prosessen for forfattarar som ønsker å publisere opent i Frontier sine tidsskrift bli forenkla, og det vil bidra til å auke talet på norske forskingsartiklar som er opent tilgjengeleg for alle”, seier Nina Karlstrøm, som er seksjonssjef for lisensavtalar og open tilgang i Unit.

Kamila Markram, administrerande direktør og medgründar i Frontiers, seier:

"Dette er gode nyheiter for det norske forskarsamfunnet og for Europas modige visjon om open forsking. Vi begynner å sjå meir og meir engasjement for ein meir rettvis, meir transparent måte å gjere forsking fritt tilgjengeleg for samfunnet som eit heile. Noreg er her i tråd med andre konsortium, inkludert Storbritannia, Sverige og Austerrike, som alle har forplikta seg til rammeavtalar om open tilgang med Frontiers. ”

Frå januar 2020 kan 27 av institusjonane som er representerte av Unit publisere i Frontier sine tidsskrift med open tilgang til nedsette prisar. Forskarar ved desse institusjonane vil ha tilgang til Frontiers' Open Science-verktøy, inkludert samarbeidsrelaterte fagfellevurderingar, metrikk for artikkel- og forfattarpåverknad, og vitskaplege sosiale delingsverktøy som Loop-forskingsnettverket.

Deltakarane inkluderer desse institusjonane:

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Folkehelseinstituttet, Forskningsstiftelsen Fafo, Høgskolen i Innlandet, Høgskolen i Østfold, Høgskulen på Vestlandet, Institutt for fredsforsking, Institutt for samfunnsforskning, NIBIO, NILU - Stiftelsen Norsk Institutt for Luftforskning, Nofima, NORCE Norwegian Research Centre AS, Nord universitet, Norges Idrettshøgskole, Norsk institutt for naturforsking, Norsk institutt for vannforsking, NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, SINTEF AS, Sykehuset Østfold, Sørlandet Sykehus HF, Transportøkonomisk institutt, UiT - Norges arktiske universitet, Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Sørøst-Norge og Veterinærinstituttet. 

Om Unit

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking  leverer eit breitt spekter av tjenester til forsking og høgare utdanning. Unit har ei sentral rolle i oppfølginga av regjeringa sin digitaliseringspolitikk. Hovedkontoret ligg i Teknobyen i Trondheim. Unit har avdelingskontor i Fridtjof Nansens vei i Oslo.

Kontaktpersonar for avtalen i Unit:

Unit

 

Om Frontiers

Frontiers er ein prisløna Open Science-plattform og leiande vitskapleg utgivar av open tilgang. Frontiers si oppgåve er å gjere fagfellevurderte forskingsartiklar av høg kvalitet raskt og fritt tilgjengeleg for alle, og på den måten akselerere vitskapleg og teknologisk innovasjon, samfunnsutvikling og økonomisk vekst. Frontiers fekk 2014 ALPSP Gold Award for Innovation in Publishing.

Kontaktpersonar i Frontiers:

Frontiers

 


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter