No kan du søkje universitet, høgskular og fagskular i Samordna opptak


1. februar opna søknaden til Samordna opptak i 2020. Nytt i år er at også fagskulane har fått sitt eige samordna opptak.  

Sju unge mennesker som sitter på en benk foran et vindu hvor du ser grønn skog og sol
Foto: Shutterstock

Studietilbod ved universitet og høgskular 

I år tilbyr universitet og høgskular til saman 58 479 studieplassar gjennom Samordna opptak. Søkjarar til høgare utdanning kan velje mellom 1 303 studium fordelt på 27 høgskular og universitet i Noreg.  

Fagskuletilbod 

Alle offentlege fagskular er med i det aller fyrste samordna opptaket for fagskuleutdanning, i tillegg til ein del private. 

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring, fagbrev eller realkompetanse, og kan gje mellom anna fagskulegrad og høgare fagskulegrad. Utdanningane har normalt ei varigheit på mellom eit halvt og to år.  

I år tilbyr 30 fagskular 9 648 studieplassar fordelt på 351 utdanningstilbod. 

"Regjeringa gjer alvor av satsinga på høgare yrkesfagleg utdanning og vil gje alle studentar dei same rettane uavhengig av kor dei studerer. Difor er eg veldig glad for at det no vert mogleg å søkje opptak til både fagskular, høgskular og universitet frå same stad", seier minister for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim (H). 

Samordna opptak gjev enklare søknadsprosess 

Å velje riktig utdanning kan være eit krevjande val for mange. Søkjarar får god tid til å bestemma seg for kva for utdanningar dei skal søkje på. Den ordinære søknadsfristen er 15. april, og både Samordna opptak og lærestadane står klare til å hjelpe søkjarane med råd og informasjon undervegs i søkjeprosessen. 

Samarbeidet om felles opptak til høgare utdanning er godt etablert og har gått for seg i meir enn 25 år. Prosjektet som no har resultert i eit samordna opptak for fagskulane starta i 2017, og er eit viktig ledd i regjeringa og Stortinget sitt arbeid for å styrke fagskulane.  

"Felles fagskuleopptak er eit prosjekt som har hatt høg prioritet hos oss i Unit, og fagskulane har vært ein god og konstruktiv samarbeidspartnar i utviklingsarbeidet. Dette er eit digitaliseringsarbeid med store gevinstar for både fagskular og søkjarar", seier Roar Olsen, direktør i Unit - direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. 

Datoar for publisering av søkar- og opptakstal i årets opptak er lagt ut på informasjonsplan for Samordna opptak 2020. Sjå også pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter