No kan du søkje opptak til meir enn 1800 studium i Samordna opptak


1. februar opna det samordna opptaket til universitet, høgskular og fagskular i 2021. Søkjarar kan i år velje mellom meir enn 1800 studium ved norske universitet, høgskular og fagskular.

Foto: Unit

«Aldri tidlegare har søkjarar hatt ei så stor breidde av studietilbod gjennom Samordna opptak som i år. Talet på studieplassar har auka jamt og trutt i mange år, og i 2021 er det lyst ut nærare 75 000 studieplassar fordelt på 1821 studium ved fagskular, høgskular og universitet», seier Terje Mørland, avdelingsdirektør for utdanningstenester i Unit.

Studietilbod ved universitet og høgskular

I år tilbyr universitet og høgskular til saman 61 682 planlagde studieplassar ved sine grunnutdanningar gjennom Samordna opptak. Studieplassane er fordelt på 1324 ulike studium ved 27 høgskular og universitet i Noreg.

Dette er det høgaste talet studieplassar som er lyst ut ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak, og i tråd med utviklinga dei siste 10 åra, kor det har vore auke i talet tilbydde studieplassar for kvart år.

Fagskuletilbod

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring, fagbrev eller realkompetanse, og kan gje mellom anna fagskulegrad og høgare fagskulegrad. Utdanningane har normalt ei varigheit på mellom eit halvt og to år.

Fagskulane som deltar i årets samordna opptak, lyser til saman ut 13 086 planlagde studieplassar fordelt på 497 studium og 27 fagskular.

2020 var første år med fagskuleopptak gjennom Samordna opptak. Vi ser ein betydelig auke i talet studieplassar som blir tilbydd samanlikna med i fjor, noko av auken skuldast at tre nye fagskular har blitt med i det samordna opptaket. (Sjå oversikt over alle fagskulane i samordna opptak i år).

Éin søknad til fleire studium

Gjennom Samordna opptak kan studiesøkjarar enkelt søkje opptak til fleire læresteder og studier med éin søknad – eller to for dei som ønskjer å søke opptak til både fagskule og universitet/høgskule.

Søkjarar får god tid til å bestemma seg for kva for utdanningar dei skal søkje på. Den ordinære søknadsfristen er 15. april, og både Samordna opptak og lærestadane står klare til å hjelpe søkjarane med råd og informasjon undervegs i søkjeprosessen.

Datoar for publisering av søkjar- og opptakstal i årets opptak er lagt ut på informasjonsplan for Samordna opptak 2021. Sjå også pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter