Hovudopptaket til høgare utdanning 2019


Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking ved Samordna opptak sender i hovudopptaket for 2019 ut 99 319 tilbod om studieplass. Dette er 1 042 fleire tilbod enn i 2018, ein auke på 1,1 %.

-Å velje utdanning er ei av dei viktigaste hendingane i livet. Gjennom 25 år har Samordna opptak bidrege til å gjere det stadig enklare, raskare og sikrare å søkje studieplass. Utviklinga av Samordna opptak har skjedd i nært samarbeid med lærestadene. Resultatet av samarbeidet er eit vellykka døme på innovative og berekraftige digitale tenester til beste for både samfunnet og kvar enkelt søkjar, seier assisterande direktør i Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, Sigurd Eriksson.

Assisterande direktør i Unit, Sigurd Eriksson

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking ved Samordna opptak sender i hovudopptaket for 2019 ut 99 319 tilbod om studieplass. Dette er 1 042 fleire tilbod enn i 2018, ein auke på 1,1 %. Av 137 277 søkjarar, er 121 018 kvalifisert for minst eitt studium. Det er ein nedgang på 3 916 søkjarar ( -3,1 %) frå 2018. Av dei kvalifiserte søkjarane har 82,1 % fått tilbod om studieplass. Til samanlikning var prosentdelen i 2018 på 78,7 %.

Endringar frå 2018

Det er størst prosentvis auking i tilbodet til informasjonsteknologi og informatikkfag (9,3%) og til land- og havbruksfag (7,0%). Det er sendt ut færre tilbod enn i fjor til realfag (-6,6%) og språkfag (-6,5 %). Tross relativ stor nedgang i tal på kvalifiserte søkjarar til helsefag er det sendt ut fleire tilbod enn i fjor (2,6%). I faktanotatet frå Samordna opptak finn du utfyllande statistikk frå hovudopptaket 2019.

Sjå heile pressemeldinga for hovudopptaket til høgare utdanning 2019


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter