Gjennombrot i arbeidet med open publisering: Unit inngår avtale med Taylor & Francis


Unit har nådd målet om å gi norske forskarar høve til å publisere ope hos dei fire største utgivarane av forskingslitteratur.

GLobe with network grid, graphic illustration
Foto: Shutterstock

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking inngår avtale om open tilgang og publisering med Taylor & Francis. Avtalen er forhandla fram i samarbeid med og på vegner av norske forskingsinstitusjonar. Dermed har Unit nådd målet om å gi norske forskarar høve til å publisere ope hos dei fire største utgivarane av forskingslitteratur.

Avtalen sin verdi er i 2019 på rundt 20 millionar kroner. Frå 2020 er avtalen med Taylor & Francis ein såkalla publiser og les-avtale. Dette representerer ein ny avtaletype der det har vore utfordrande å få på plass ein kostnadsstruktur som er berekraftig for norske forskingsinstitusjonar og som forlaget aksepterer.

Også avtalen med Taylor & Francis bygger på prinsippa for avtalar med open tilgang. Det innebærer mellom anna at forskarar kan publisere ope utan ekstra kostnad, samstundes som full lesetilgang ved forskingsinstitusjonane er ivaretatt. Dei same prinsippa ligg til grunn for avtalane som er inngått med Elsevier, Wiley og Springer Nature.

Samarbeid om avtalar gir forhandlingsmakt

Unit forhandlar på vegner av norske institusjonar. Forhandlingane med Taylor & Francis har inkludert bibliotekleiarar og rektorar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB), og UiT – Noregs arktiske universitet. Dei er heilt sentrale bidragsytarar som gir tyngd og fagleg støtte i forhandlingane, og samarbeidet med sektoren dannar eit fundament for Unit sin forhandlingsposisjon også i framtida. Det vil vere til hjelp i å nå målet om open tilgang til forskingslitteratur både i form av nye avtalar og framtidige reforhandlingar.

Om avtalen

Avtalen utgjer 11,9 % av totalkostnaden for dei fire største utgivarane. Forfattarar ved institusjonar som deltar i avtalen kan lese og utgje ope tilgjengeleg i dei fleste av forlaget sine abonnementstidsskrift. Pr. i dag er det 23 institusjonar innanfor forsking og høgare utdanning som er deltakarar i avtalen, og nye institusjonar kan om ønskeleg slutte seg til. Med denne avtalen blir det høve for forskarar til å utgje ei stadig aukande mengd artiklar ope tilgjengeleg i mange av forlaget sine tidsskrift, og det skjer no utan at den som publiserer må betale ei publiseringsavgift.

Noreg er eit av få land som har ein slik avtale med Taylor & Francis. At Unit har fått forhandla fram denne avtalen kan vere eit teikn på at ein av verdas største akademiske utgivarar endrar sitt syn på open tilgang og inngår liknande avtalar internasjonalt.

Fakta om avtalen
Kva er spesielt med denne avtalen?
Noreg er eit av få land som har inngått ein publiser og les-avtale med Taylor & Francis. Dette er den fjerde og siste avtalen med dei fire største utgivarane av forskingslitteratur som Unit har forhandla for 2019/20.
Kven er omfatta av avtalen?
Avtalen omfattar noverande deltakarar: 23 institusjonar innanfor forsking og høgare utdanning. Nye institusjonar kan om ønskeleg slutte seg til avtalen.
Kva er meint med "publiser og les-avtale"?
Forskarar ved institusjonar som deltar i avtalen kan lese og utgje ope tilgjengeleg i dei fleste av forlaget sine abonnementstidsskrift.
Kven har forhandla?
Unit i samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Rektorar ved dei to førstnemnte institusjonane har deltatt i forhandlingsmøta.
Kva for varigheit har avtalen?
Avtalen har varigheit frå 2020 til og med 2022. 
Allereie i 2019 blir det mogleg å utgje 200 artiklar ope tilgjengeleg, utan ekstra kostnad. 
Er det avgrensingar på kor mykje ein kan publisere?
Avtalen inneheld ei kvote med artiklar som kan publiserast kvart år. Denne kvota tilsvarar at ein del på 32 % av alle norske artiklar kan publiserast ope i 2019. Ho aukar til 100 % i 2022.
Er avtalen Plan S-kompatibel?
Avtalen bidrar til at ein aukande del av norsk forsking blir ope tilgjengeleg, og er i tråd med intensjonane i Plan S. Det kan òg bidra til det internasjonale arbeidet med å konvertere tidsskrift til open tilgang.

Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter