Enda eit rekordår for søking til høgare utdanning


154 088 personar har i år søkt opptak til universitet og høgskolar gjennom Samordna opptak. Dette er ein auke på 2,2 % frå 2020.
I opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning har 12 806 søkt om studieplass, ein auke på 37,4 % frå 2020.

Samordna opptak i Unit koordinerer søking og opptak til grunnutdanningar, det vil seie utdanningar som normalt bygger på vidaregåande opplæring, ved 27 universitet og høgskolar og 27 fagskolar.

Mange har lurt på om koronasituasjonen vil påverke søkartala i årets opptak, til dømes om vi vil få fleire eldre søkarar, om fleire vil hoppe over såkalla friår etter vidaregåande og gå rett på studium, eller om fleire vil søke seg til studium nærare heimkommunen sin.

“I Samordna opptak veit vi ikkje kvifor folk vel å søke som dei gjer, men vi kan konstatere at veksten i søkartal er størst for søkarar over 30 år både til fagskolar, universitet og høgskolar. Det er samtidig færre 18- og 19-åringar som søker samanlikna med i fjor. Vi ser ingen klare tendensar til at fleire vil studere i heimfylket sitt”, seier Terje Mørland, direktør for utdanningstenester i Unit.

Søking til fagskolar

2021 er andre år i rekka med Samordna opptak for fagskolar. I år var det lyst ut 13 061 studieplassar fordelt på 494 ulike fagskoleutdanningar ved 27 fagskolar.

12 806 søkarar har søkt om studieplass ved høgare yrkesfagleg utdanning, dette er ein auke på 37,4 % frå 2020.

Ein stor del av auken i søkartal skyldast at langt fleire studium lysast ut gjennom Samordna opptak for fagskolar i år – 494 studium i 2021, mot 318 i fjor. Tal på studieplassar har auka med 48,1 %, frå 8 817 studieplassar i fjor til 13 061 plassar i årets opptak.

I fagskoleopptaket er det flest førstevalssøkarar til utdanningsområda «teknologiske fag» (6 559) og «helsefag» (3 323).

Fagskolane tilbyr fleire nettbaserte studium i år. Det er 72,1 % auke i tal på studieplassar på nettbaserte studium, og tal på førstevalssøkarar til nettbaserte studium har auka frå 2 585 søkarar i fjor, til 4 419 søkarar i år – ein auke på 71 %.

Kvinneandelen blant søkarane til høgare yrkesfagleg utdanning har auka frå 31,8 % i 2020 til 36,9 % i 2021.

Søking til universitet og høgskolar

Universitet og høgskolar har lyst ut 61 673 studieplassar fordelt på 1 324 studium. Årets opptak har rekordhøge søkartal, med ein auke på 3 304 søkarar (2,2 %) frå 2020.

Utdanningsområdet med sterkast prosentvis auke i tal på førstevalssøkarar er «jus» (rettsvitskap, politiutdanning, med meir) som har 2 972 fleire førstevalssøkarar enn i fjor (37,4 % auke). Ein stor del av denne auken skyldast eit nytt studium innan «Toll, vareførsel og grensekontroll», som med 2 064 førstevalssøkarar også har flest førstevalssøkarar per studieplass (59). Også andre utdanningar innan jus opplever auke i tal på førstevalssøkarar, spesielt politiutdanninga.

Utdanningsområdet «økonomisk-administrative fag» har nest høgast prosentvis auke med
1 527 fleire førstevalssøkarar enn i fjor, ein auke på 8,0 %.

Utdanningsområda som har størst prosentvis nedgang, er lærarutdanning kor 553 færre søkarar har lærarutdanning som førsteval samanlikna med i fjor (-4,3 %), samfunnsfag som har 1 498 færre førstevalssøkarar (-7,7 %), idrettsfag som har 380 færre førstevalssøkarar (-10,5 %) og reiseliv som har 102 færre førstevalssøkarar i årets opptak (-22,3 %).

Til medisinstudium er det 5,5 førstevalssøkarar per studieplass, ein nedgang frå i fjor da det var 6,5 førstevalssøkarar per plass. Nedgangen skyldast ein kombinasjon av auke i tal på studieplassar (716 i år mot 636 i fjor) og ein liten nedgang i tal på førstevalssøkarar (3 940 i år mot 4 107 i 2020). Sjølv om søkartala til medisin har gått litt ned i år, så er dei stadig høgare enn alle år før 2020, da medisinstudia hadde ein kraftig auke i søkartal.

Kapasitetsproblem i opptakssystema 15. april

I år hadde Samordna opptak kapasitetsproblem dei siste to timane før søknadsfristen gjekk ut. Dette førte til at mange søkarar fekk problem med å logge seg på og levere søknaden sin. Søknadsfristen vart derfor utvida med 12 timar til fredag 16. april kl. 12.00 for å sikre at alle skulle få levert søknaden sin. At alle som ønsker skal få levert søknad, er høgaste prioritet for Unit, og vi føler oss trygge på at alle kom i mål med søknadene med den utsette fristen.

“Samordna opptak har vore ein suksess i meir enn 25 år, og har spart søkarar, lærestader og samfunnet for milliardar. Unit er godt i gang med å reie ut og planlegge fornying av opptakssystemet. Dette gjer vi både for å sikre oss mot kapasitetsproblem av typen vi opplevde 15. april i år, og for å legge til rette for eit meir fleksibelt opptakssystem som møter framtidas behov”, fastslår Terje Mørland i Unit.

Dette skjer vidare i opptaket 2021

Hovudopptak til fagskolar er klart 20. mai, og hovudopptaket til universitet og høgskolar er klart 20. juli.

Meir om tal frå årets opptak


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter