28 humsam-tidsskrift får støtte etter løyving i statsbudsjettet


10,7 millionar kroner til styrking av norsk som forskingsspråk gir støtte til 28 opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap.

Foto: Shutterstock

Statsbudsjettet for 2021 vart lagt fram 7. oktober 2020. Her er det foreslått å løyve 10,7 millionar norske kroner til norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga blir administrert av Unit, som er nasjonal koordinator for open tilgang til forsking. Hensikta er å styrke norsk som forskingsspråk, og ordninga er forankra i Humaniorameldinga frå 2017.

Av dei 42 som søkte, fekk 28 tidsskrift støtte; ein auke frå 25 i førre periode. Talet på søkarar hadde ein auke frå 41 for treårsperioden 2018-20 til 42 for perioden 2021-24.
Tidsskrifta vart valte ut av ein fagleg publiseringskomité med seks medlemmar, hovudsakeleg forskingsdekanar frå BOTT. 

Sjå kva tidsskrift som fekk støtte og les meir om ordninga på openaccess.no
 


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter