Oria – søkeportalen til fagbiblioteka

Søkeportalen Oria gir brukarane av biblioteket tilgang til ressursane i biblioteket. Sikt inngår avtale om tilgang til systemet på vegner av norske fagbibliotek.  

Oria fungerer som en felles søkeportal til det samlede materialet som finnes ved de fleste norske fag- og forskningsbibliotek.

Oria, kjent internasjonalt som Primo, er eit discoverysystem som blir utvikla av Ex Libris. Sikt inngår avtale om bruk av systemet på vegner av BIBSYS-konsortiet.

Ein inngang til alt materiale i fagbiblioteka

Oria fungerer som ein felles søkeportal til det samla materialet som finst ved dei fleste norske fag- og forskingsbibliotek.

Supplert med ei mengd elektronisk materiale frå opne kjelder gir Oria ein einskapleg tilgang til materiale som bøker, elektroniske bøker, tidsskrift, elektroniske tidsskrift, andre dokument, artiklar, musikk og filmar.   

Oria er tilgjengeleg for alle på oria.no. Kvar enkelt institusjon i BIBSYS-konsortiet tilbyr brukarane sine direkte tilgang til variantar av Oria tilrettelagt for kvar enkelt institusjon.

På den måten får brukarane ved dei ulike institusjonane tilgang til fulltekst og bestillingshøve til ressursar biblioteket kjøper tilgang til, både fysisk og elektronisk. 

Oversikt over direktelenker til Oria-instanser med Feide:

God støtte i stort nettverk

Gjennom å delta i BIBYS-konsortiet får ein oppfølging og støtte frå erfarne medarbeidarar og tilgang på eit stort fagleg nettverk med likesinna brukarar.

Sikt tilbyr brukarstøtte, rettleiingar og hjelp med oppsett og konfigurasjon. Vi handterer også brukarstøtte og annan kommunikasjon med Ex libris.  

Sikt tilbyr også integrasjonsstøtte for implementering av tenestene for kvar enkelt institusjon viss ein har spesielle behov. 

Kven kan bli kunde?

Oria blir nytta av medlemmene i BIBSYS-konsortiet, som består av ca. 80 norske fag- og forskingsbibliotek.

For å bli med på avtalen Sikt administrerer må institusjonen din bli medlem av konsortiet.

Sjå korleis institusjonen kan bli med i BIBSYS-konsortiet

Tenester som er knytt til Oria

Oria er tett knytt til biblioteksystemet Alma. Oria blir brukt i konsortiet som det systemet som er retta mot sluttbrukaren (front end), medan Alma er arbeidsverktøyet for bibliotekarane (back end).

Innhaldet i Oria er i stor grad handtert i Alma, og vi tilrår at systema blir brukt saman. 

Pensumlistesystemet Leganto byggjer på data frå både Alma og Oria og kan vere relevant viss institusjonen din nyttar seg av pensumlister. Alma er påkravd for å bruke Leganto. 

Brukarmedverknad i BIBSYS-konsortiet

BIBSYS-konsortiet er samarbeidsforma for Oria. Konsortiet har eit styre og fleire faggrupper som bidreg til brukarmedverknad og innverknad over dei tenestene som blir tilbodne konsortiet.

Forslag til forbetringar

Har du idear eller tankar som kan forbetre bruken av Oria, eller har du idear om ny funksjonalitet? 

Les om korleis du kan melde endringsforslag til Ex Libris

Produkt- og tenestevilkår

Tenestebilag til rammeavtale mellom Sikt, org. nr. 919477822, og Verksemda.

Følgjande vilkår må vere oppfylt for deltaking i BIBSYS-konsortiet

  • samlinga til biblioteket er eit positivt tilskot til fellesskapen
  • biblioteket er villig til å stille samlingane sine til rådvelde
  • biblioteket har tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Søknader om deltaking vil bli behandla av Sikt og godkjend i styret for BIBSYS-konsortiet.

Gjennom deltaking i konsortiet får ein tilgang til biblioteksystemet Alma og søkjesystemet Oria.

Alma biblioteksystem er ei teneste som Sikt leverer til BIBSYS-konsortiet. Som eit supplement til Alma tilbyr Sikt støttetenester som brukarstøtte, rettleiingar og konfigurasjonsstøtte og dessutan utvikling av nasjonale tilpassingar for heile konsortiet generelt og Nasjonalbiblioteket spesielt. Alma er eit internasjonalt standardprodukt som blir utvikla av Ex libris.

Alma blir nytta av om lag 80 norske fag- og forskingsbibliotek, og er tett knytt til søkjetenesta Oria som er eit verktøy for studentane og forskarane.

Oria er ein felles portal til det samla materialet som finst ved dei fleste norske fag- og forskingsbibliotek. Supplert med ei mengd elektronisk materiale frå opne kjelder, gir Oria ein einskapleg tilgang til materiale som bøker, elektroniske bøker, tidsskrift, elektroniske tidsskrift, dokumenter, artiklar, musikk og filmar.

Forpliktingane til kunden er spesifisert i retningslinjene for BIBSYS-konsortiet.

Tenesta har Servicenivå 1B. Servicenivået beskriv:

  • Kontaktpunkt og respons- og svartider tider ved behov for support og for å melde feil.
  • Eventuell varsling ved feil og planlagt arbeid

Særskilt for Alma og Oria: Support og feil skal meldast på https://support.bibsys.no

Sikt har ein databehandlaravtale med underleverandøren Ex libris. Kvar enkelt institusjon må signere ein databehandlaravtale med Sikt før ein kan ta i bruk bibliotektenestene. Dei enkelte tenestene er beskrivne i eigne vedlegg til databehandlaravtalen.

Verksemda har eit sjølvstendig ansvar for å sørgje for tilfredsstillande informasjonssikkerheit ved eigen bruk av tenesta. Dette følgjer mellom anna av føresegnene i eForvaltningsforskriften og personopplysningslova. Det inneber at Verksemda skal vurdere risikoen for brot på tryggleiken og setje i verk nødvendige sikringstiltak for å verne konfidensialiteten, integriteten og tilgjengelegheita til informasjonen.

Vurdering og iverksetjing av nødvendige sikringstiltak skal skje innanfor ramma av leiingssystemet for informasjonssikkerheit i Verksemda.

Verksemda og Sikt skal inngå ein databehandlaravtale før tenesta blir tatt i bruk. Informasjon om handtering av tryggleik og personvern i tenesta finst nærare beskriven i databehandlaravtalen.

Det bør gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS) for tenesta hos verksemda. Sikt kan hjelpe til med målar og eventuelt rådgiving i samband med dette.

Tenesta er organisert som eit konsortium, og tenesta blir fakturert gjennom ein årleg deltakarkontingent i konsortiet. Den økonomiske ramma for konsortiet blir definert av styret for konsortiet, og kostnadene blir fordelt basert på ein vedtatt kostnadsfordelingsmodell.

Tenestea er organisert som eit samarbeidskonsortium.
Sjå retningslinjene for BIBSYS-konsortiet.

Vilkåra for deltaking i konsortiet er definerte i konsortieavtalen mellom Sikt og kvar enkelt institusjon. Utover det som er beskrive i konsortieavtalen, er det dei generelle teneste- og leveransevilkår i Sikt som er gjeldande for tenesta.

Der det eksisterer avtalar eller vilkår for enkelttenester som dekkjer områda i dei generelle vilkåra, går avtalen for enkelttenesta framfor dei generelle vilkåra: https://sikt.no/generelle-tjeneste-og-leveransebetingelser

Relaterte sider og tenester

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.